Nyheter


Manic Street Preachers

En Håndsrekning For Livet

Ungdommens Kulturmønstrin..

Flight Of The Conchords

Dinosaur Jr.

En latterlig kveld med Jo..

HYMNS med Sigvart Dagslan..

Festspillene 2010

Hordablæsten 2010!

THE RESIDENTS

Kurt Nilsen

Randy Newman

MELODY GARDOT

DON MCLEAN

KENT

BFO

FRITT & VILT 2010

Luxury Living

Hordablæsten 2010!

20100313 Hele huset lørdag 13.03. 2010

Radøy Brass og Sæbø Skulemusikklag ynskjer velkomen til ein flott konkurransedag i Grieghallen, laurdag 13. mars 2010.

Hordablæsten er den største musikkonkurransen for skule- og generasjonskorps, ensemble og solistar i Hordaland. Med andre ord ei musikalsk utfordring for alle korps i regionen. Det vert konkurransar for janitsjar og brass (1., 2. og 3. divisjon), juniorkorps, generasjonskorps, ensemble og solistar.

Konkurranse
Korpskonkurransane vert avvikla i Grieghallens Store Sal og Peer Gynt Sal, medan ensemble- og solistkonkurransane i hovudsak vert gjennomførte i andre rom og salar i Grieghallen. Alle konkurransane er opne for publikum.

I 2009 var det med heile 52 korps, 166 solistar og 68 ensemble. Som ei følgje av dette vart solist- og ensemblekonkurransen delt inn i heile 13 ulike klassar. Av arrangementstekniske hensyn oppfordrar vi korpsa til å vurdera om ein med fordel kan motivera musikantar til å samle seg i ensemble framfor solistopptreden.

Ved stor påmelding, vil også ettermiddag/kveld fredag 12.mars verta nytta som konkurransetidspunkt. Det vil komma informasjon om dette så snart som mogeleg etter påmeldingsfristen er ute.

Konkurransereglement

Aspirantseminar
Tradisjonen tru dei siste åra, vil det i samband med konkurransen verta halde eit aspirantseminar. Aspirantane skal saman med instruktørar øva i løpet av dagen, og framføra resultatet av dette for ein fullsett Grieghall på festkonserten. Dette vert kjempegøy!

Festkonsert
Festkonserten er gratis for alle konkurransedeltakarar! Programmet vil vi koma attende til i seinare informasjonsskriv. Festkonserten vert avslutta med premieutdeling som eit naturleg høgdepunkt.

Mat og drikke
Det vil vera kafé i Grieghallens foajé heile dagen.

Article Photo