• 30. mars 2019 kl.19:00

Eikanger-Bjørsvik Musikklag 70 år

Eikanger-Bjørsvik Musikklag 70 år

I mange år har Eikanger-Bjørsvik Musikklag vore ei leiande kraft i Noregs korpsmiljø. Sidan musikklaget vart skipa i 1949 har det hatt ei fantastisk reise, med minnerike konsertar i inn- og utland og eit utal samarbeid med artistar frå alle sjangrar. Suksessen som musikklaget har hatt var samstundes ikkje gjeve på førehand. Kva har gjort korpset til den institusjonen det er i dag? Korleis gjekk vegen frå to små bygder i Nordhordland til europatoppen?

I februar 2019 feirer Eikanger-Bjørsvik 70 år, og vil markere dette med ein stor konsert i Grieghallen laurdag 30. mars. Første avdeling vil ta for seg den rike historia til musikklaget, og fortelje denne ved hjelp av musikk, bilete, film og tekst. Viktige personar og milepålar vil presenterast, og vi får eit gjenhør med gamle slagarar frå repertoaret. I andre avdeling er det tid for feiring, og saman med trompetvirtous Adam Rapa og jazzvokalist Majken Christiansen spelar vi opp til fest med musikk frå mellom anna Piazzolla, Goodwin og Rapa.

Til å lose oss gjennom dei sytti åra får korpsets musikalske leiar, Reid Gilje, med seg tre tidlegare dirigentar: Tom Brevik, Helge Haukås, og Ray Farr. Konferansier i andre avdeling er Harm-Christian Tolden. Ein stor gjeng med skulekorpsungdomar vert også med i konserten.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag gler seg til å feire saman med dykk laurdag 30. mars!


Konserten varer ca 2t 30 min inkl pause


Unummererte sitteplasser

Rullestol/ledsager: Tlf. 55216150

Skolekorpsmusikanter går gratis. Påmelding på e-post til post@ebml.no