• 01. mai 2020 kl.19:00

«KORTID, VISST IKKJE NO?»

Unngå kø -
forhåndsbestill mat og
drikke

Velg fra vår rikholdige meny i nettbutikken, og vi har mat og drikke klart når du kommer. 

Ei konsertforestilling om å våga!

Noko av det inspirasjonsartist Linda Fosse har jobba med dei seinare åra er vågemot og kva som skal til for å våga.
Gjennom treffande songar, dikt og tekstar tar ho oss med på ei musikalsk oppdagelsesreisa frå det å verta ståande i det trygge og vante til det å våga kasta loss og la det stå til.

 

«Kortid, visst ikkje no?» er ei sjeldan konsertforestilling som underheldt og samstundes tar opp tema som vi alle kjenne oss så godt igjen i. Eller som avisa Bygdanytt skreiv etter premiéra på kortversjonen av «Kortid, visst ikkje no?»:

«Meisterleg framført. Så morosamt tatt på kornet at folk i salen brølte av latter.»


Kortversjonen av  «Kortid, visst ikkje no?» hadde premiere på Den Nationale scene i 2014, og har sidan vorte spela på ulike scener i Noreg til ståande applaus. 


På scena 1. mai finn vi Linda Fosse, ein stødig artist som med sine tekstar, si klokkeklare, kraftfulle stemme og sitt tydelege nærver evnar og røra deg heilt inn i hjarterota.
Saman med eit framragande orkester og modige gjestar er det duka for at dette vert ein stor kveld vi kjem til å hugsa lenge.

 

 

Varighet 2 t inkl. pause


AV OG MED INSPIRASJONSARTIST
LINDA FOSSE

 

Gjesteartistar:
Leif Einar Lothe (Lothepus)  

Øyvind V. Kjeksrud

ANDRE MEDVERKANDE 
Leni Christine Jebsen - Coach
Audhild Fosse - Manus og innhaldskonsulent 

Renathe Stubberud - Inspisient  


Trond Skeide Johannessen - Frisør
Ann-Helen Johannessen - Sminkør
 
Øistein Kvamsdal - Fotograf, bilete til program, web og plakat.

 

MUSIKARAR
Frode Skag Storheim - Piano
Morten Færestrand - Gitar
Peter Sæverud - Bass
Stian Villanger - Trommer