
Finn-Erix - verdas største basar
Arrangementet er gjennomført
Se kommende arrangementerNyhetsbrev
Torsdag 6. desember 2018 inviterer Finn-Erix til verdas største basar.
Populærorkesteret tar med seg velour, årer og eliten av norske basarmusikarar til sjølvaste Grieghallen, konsertsalen som har husa alt frå Sissel Kyrkjebø til Sandra Kim.
Og ikkje nok med det, me byr på ei gratis åre til alle og lover ei fruktkorg folk aldri har sett maken til.
Finn-Erix har i snart tjue ti år begeistra og underhalde publikum gjennom tv og radio, festivalar og teaterscener. Det velkledde populærorkesteret består av Odd-Erik Lothe (stoveorgel), Halvor Folgerø (fagott) og Finn Tokvam (refrengsong og rytme-egg). På dei tradisjonstunge basarkonsertane har dei med seg fullt husorkester og fleire staselege gjester.
Dei 500 første billettkjøparane er med i trekninga om ein eigen hyllest frå scena. Ein hyllest dei færraste får oppleve medan dei er i live.
Billettprisen inkluderer ei basaråre.
Ledsager/rullestol: Tlf. 55216150