Jubileumskonsert Manger Musikklag 100 ÅR

Arrangementet er gjennomført

Se kommende arrangementer

Vil du bestille drikke og snacks?

Du kan nå forhåndsbestille varer med eller uten bord i foajeen. Dette gjelder både før forestilling og eventuelt i pausen.

God fornøyelse!

ARRANGØR 

Manger Musikklag

RULLESTOL / LEDSAGER 

Kjøp plasser på rad 6 mrk rullestol. Ledsager betaler kun bill.avgift.  

GRUPPER/HOTELLPAKKER 

For grupper større enn 10 personer, ta kontakt med billettkontoret på tlf. 55 21 61 70 / 09901.

Nettbutikk

Forhåndsbestill servering til arrangementet her

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev


Manger Musikklag 100års jubileumt

Manger Musikklag feirar 100 år med brask og bram i Bergen si storstove. Linda Eide leiar oss gjennom ein kveld med tilbakeblikk på historiske hendingar, attersyn med "gamle heltar" og fyrig festmusikk. Med seg har dei artisten Silya Nymoen som alltid skapar eit forrykande sceneshow med sin sprudlande og supermusikalske energi. Vi skal få høyre vinnarverket av komponistkonkurransen #lydenavunge, vi skal oppfylle MOT-draumar og skal få oppleve framtidige MML-musikantar frå alle skulekorpsa på Radøy.

Etter festkonserten vert det sosial feiring «Mangernight» i foajeen.
(18 års grense, til kl.01.00)

Medverkande:
Konferansier Linda Eide, Silya Nymoen, Martin Winter, Æresmedlem Tom Brevik, Margie Antrobus, Allan Withington, Bjørn Sagstad, Peter Sebastian Szilvay, Eline Storheim, Erlend Aagaard-Nilsen, Rune Gundersen, Preben Johansen, Anne-Britt Hermansen Vetås, Sæbø skulemusikklag, Hordabø skulemusikklag og Manger Skulemusikklag.

Linda Eide er NRK-journalist, programleiar, forfattar, fjernsynsforteljar, radiostemme og kåsør i radio og på scene. Kjent frå fjernsynsseriar som Smæsj– ei kulturhistorisk sportskrønike, «Norsk attraksjon» der ho reiste landet på kryss og tvers og guida det norske folk rundt til attraksjonar du ikkje finn i Guideboka.
Dei siste åra har Linda bydd inn til Eides språksjov på NRK1. Eit leikent snakkesjov som hyllar og tullar med vår språklege kvardag. Dette er språkopplysning i ei laussluppen innpakking, med eigen pianist og eigen professor. Med artistiske gjestar og faste og mindre faste postar. Eides språksjov er språkformidling på ein uhøgtidleg måte, i eit show med enkel v.

Linda er erklært transportsyklist og nyttespringar. Samt ein glad blokkfløyteamatør og ditto badmintonspelar. I tillegg kan ho så godt som fem melodiar på toradar. Dette siste her er det Linda sjølv som ville ha med!

Silya Nymoen
Silya er ein norsk songar og låtskrivar, og utgjer Silya & The Sailors. Med bakgrunn som dansar frå Kunsthøgskulen i Oslo (KHIO) har ho gjort fleire musikalar og teater oppsetjingar. Silya har også opptredd på TV skjermen mange gonger, både som artist, skodespelar og programleiar. I 2013 vant Silya ”Stjernekamp” på NRK1 , og har sidan spelt over 200 konsertar rundt i landet.

Silya har 6 utgjevnader bak seg, inkludert eit samarbeid med Det Norske Kammerorkester.
I 2019 kom Silya sitt etterlengta julealbum; «Happy Holidaze» som er ei samling låtar som inneheld nostalgiske perler frå fortida, nokre kjente og nokre litt meir ukjente. Albumet er i fylgje Dagbladet «Årets tøffeste norske juleplate» og hausta terningkast 5! Silya sitt energiske juleshow «Happy Holidaze» trekker kvart år fulle hus.