
Ta Steget!
Arrangementet er gjennomført
Se kommende arrangementerKarrieremesse 2022
Nyhetsbrev
22. mars inviterer vi deg som er nysgjerrig på jobb i Vestland til Framtidsfylket karrieremesse i Bergen.
Endeleg! Det er igjen tid for at du kan møte attraktive arbeidsgivarar frå Sogn & Fjordane og Ullensvang i Grieghallen i Bergen. Med seg har dei ledige stillingar, traineestillingar og spennande jobbsjansar. Om du vil ha ein jobb der du får vere med og påverke, er distriktet eit hot tips!
Vi vil at DU skal ta Steget! Steget det er å søke ny jobb, steget det er å flytte og karrieresteget du drøymer om.
Program 22. mars 2022
17.30: Dørene opnar. Takk for at du registrerer deg.
17.45: På scena står eit knippe unge og ambisiøse menneske med stor påverknad i arbeidslivet. Dei fortel si inspirerande historie.
18.15: Get ready to mingle! Møt bedrifter på stand, delta i konkurransar, skaff deg sommarjobb, ta deg ei svele, kapre eit jobbintervju, nyt vår digge berekraftige buffet. Kvelden er din!
Nyheit! Level-up!
Level-up er eit nytt konsept der du får utfordre deg sjølv og samtidig konkurrere om kule premiar. Vi deler ut konsertbillettar, opplevingar i Vestland, hotellovernatting og meir. Hugs å besøke Level-up-teltet.
Berekraftig buffet
Vi veit at du er opptatt av miljøet, og det er sjølvsagt vi også. Derfor har vi i år basert heile buffeten på restemat. Ja, du las riktig, og nei, maten er ikkje frå kontainerane i Grieghallen. Vi serverer digg, variert mat laga same dagen til andre event – men som er til overs. Altså restefest. Vinn/vinn?
Og sjølvsagt blir det også i år velduftande sveler rett frå takka