
Velkommen til før-EM-konsert i sjølvaste Griegsalen!
Arrangementet er gjennomført
Se kommende arrangementerSiste helga i april reiser to norske korps til Montreux i Sveits for å forsvare dei norske fargane. Både Smørås Skolemusikk og Eikanger-Bjørsvik Musikklag kvalifiserte seg til konkurransen ved å vinne sine respektive NM i 2018, og me gler oss begge til å vise dykk at me er klare for det store utland!
Nyhetsbrev
På denne før-EM-konserten spelar Eikanger-Bjørsvik både pliktnummeret og sitt sjølvvalde verk. Sidan det er lukka bedømming kan me ikkje røpe kva det sjølvvalde verket er, men pliktnummeret kan me røpe: "Dear Cassandra," nykomponert av Ludovic Neurohr. Tittelen er tatt frå gresk mytologi; Cassandra forutsåg hendelsar som var sanne men ingen trudde på - blant anna at grekarane kom til å bruke ein trojansk hest for å koma seg bak forsvarsmurane til byen Troja. Dette er eit sterkt personleg og virtuost verk som forsøkjer, med komponisten sine eigne ord, "...å utforske, gjennom musikken sjølv og komposisjonsprosessen, kva retning brassbandmusikk kjem eller ikkje kjem til å ta i framtida." Stykket har nydelege rolege parti - men me vert også testa på fart, styrke og ensemblespel. Eit flott tilskot til brassbandlitteraturen, frå ein relativt ny komponist som me garantert kjem til å høyre meir frå i framtida.
Med oss på konserten har me Smørås Skolemusikk, som under sin dirigent Magnus Brandseth skal delta i ungdomsklassen av konkurransen. Dei framfører eit variert program, som til fulle viser korpset sine styrker - her vert både solistar og ensemblet sett på prøve:
Do Dat Thing, Harry Connick Jr. arr. Reid Gilje
Argos, Stephan Hodel
Icicles, Anne Grete Preus
A Theory of Everything, Simon Dobson
Konferansier for dagen er Stein Skorpholm, som også skal vere konferansier i EM.
Me håpar å få til ei så realistisk generalprøve som mogeleg, og vonar du kan hjelpe oss med å trene på å spele for full sal!
Billettar kr 200,-/100,-. Gratis for skulekorpsmusikantar og elevar ved Manger Folkehøgskule.
Vel møtt!
www.ebml.no
www.smoraas.no